EmisjonerAudiometri - eldreHøreapparat_tilpasning_voksne

Landsmøte og EU19

LM19 og EU19, 6.-8. november!

Folkehelsemeldinga - Gode liv i eit trygt samfunn

Meld. St. 19 (2018 – 2019) Melding til Stortinget

Med hele 22 treff på ordet "høyrsel" oppnår denne nye stortingsmeldingen samme nivå som St 8 som ble vedtatt i 1999. Vi gir deg her utdrag fra meldingen, men anbefaler å lese den i sin helhet. 

Følg direktesending!

Side 15: Det finst også folkehelseutfordringar, sjukdom eller lidingar som ikkje kjem øvst på lista over sjukdomsbyrde eller dødstal, men som betyr svært mykje for dei som blir ramma. Det gjeld mellom anna dei som blir utsette for vald eller overgrep. Det gjeld òg dei som opplever tap av syn eller høyrsel, eller som får ei anna funksjonsnedsetjing. Regjeringa er oppteken av at personar med ulike problem eller lidingar som skaper helseutfordringar, inkludert sansetap og kroniske sjukdommar, skal ha eit godt liv og få god oppfølging.

Side 78: Rapporten (Lancet-kommisjonens livsløpsmodell for demens )viser til at førebygging knytt til risikofaktorar som utdanning, trening, sosial aktivitet, røykjereduksjon og behandling av høyrselstap, depresjon, diabetes og sjukeleg overvekt kan medverke til å utsetje eller hindre ein tredjedel av demenstilfella. 

Side 98: Støy kan påverke helsa gjennom høyrselsskadar, søvnproblem og stressreaksjonar.

Side 113: 6.2.2 Sansetap og livskvalitet
Sansetap kan gi ei alvorleg funksjonsnedsetjing. Sansetap gir ofte tap av meistringsevne, sjølvstende og eigenomsorgsevne, og omfattar ofte redusert evne til å komme seg rundt. Uttrykket sansetap omfattar nedsett eller totalt tap av ein sans, som høyrsel, syn, lukt, smak eller følesans.Sansetap utanom det som skjer naturleg som del av aldringsprosessen, kjem vanlegvis av sjukdom eller skade.

Syn og høyrsel er viktig for deltaking i sosialt liv, for å utvikle og halde oppe ulike ferdigheiter, for å hindre sosial tilbaketrekking og isolasjon, og
for å unngå ulykker. Sansetap gjer kommunikasjon vanskelegare og kan føre til sosial isolasjon og psykiske plager. Sansetap verkar inn på balanseevna og rørsleevna. Det er viktig å fange opp personar, ikkje minst barn og unge, som blir ramma av sansetap. Behandling, praktiske tiltak og god oppfølging i helse- og omsorgstenesta kan hindre tilbaketrekking og følgjetilstandar, som psykiske problem.

Nedsett syn og høyrsel er vanleg blant eldre og verkar for mange inn på kvardagsfunksjon og sosial kontakt. Nær éin av ti over 66 år har problem
med synet, sjølv om dei bruker briller, og om lag halvparten av innbyggjarane over 65 år har eit høyrselstap som påverkar kommunikasjonen deira, og prosentdelen aukar med aukande alder (Folkehelseinstituttet 2018). Nedsett høyrsel er vanlegare blant personar med kort utdanning og låg inntekt enn blant personar med lang utdanning og høg inntekt, og det kan berre delvis forklarast med at såkalla lågstatusyrke blir utøvde i eit støyande arbeidsmiljø (Folkehelseinstituttet 2018). 

Den viktigaste risikofaktoren for høyrselstap er aukande alder. Når talet på eldre aukar, vil derfor òg talet på personar med høyrselstap auke. Hørselshemmedes landsforbund reknar med at det vil bli ein million menneske med høyrselstap i 2020. Dette vil vere ei stor utfordring for samfunnet og helse- og omsorgstenesta. Det er derfor behov for å vurdere organiseringa og ressursbruken i dag og kva teknologi/hjelpemiddel som er tilgjengeleg, for å sikre at tilbodet framleis blir godt når talet på brukarar og pasientar aukar. Ein bør sikre kompetanse på tilpassing av høyreapparat og særleg sjå på korleis oppfølginga kan bli betre i kommunane. Opplæring i bruken kan betrast gjennom eit samarbeid mellom helsetenesta, Nav Hjelpemiddelsentral, høyrselskontaktar og høyrselshjelparar i kommunane. Helsedirektoratet har fått i oppdrag å greie ut dette i samarbeid med brukarorganisasjonar og fagmiljø. Helsedirektoratet har i første omgang fått eit oppdrag på høyrselsområdet som handlar om å gi ei skildring av organiseringa av tilbodet til høyrselshemma i spesialisthelsetenesta og kommunane og hente inn ny kunnskap om høyrsel. Utgreiinga vil liggje føre gjennom Hunt 4. Helsedirektoratet skal òg gjere ei prioritering av aktuelle tiltak. Utgreiinga skal vere ferdig ved utgangen av 2019. I tillegg har Arbeids- og sosialdepartementet bestilt ein rapport frå Sintef om høyreapparatformidlinga, og denne rapporten skal vere ferdig medio 2019. 

Det generelle folkehelsearbeidet inkluderer først og fremst førebygging av sansetap gjennom arbeid med støyreduksjon og forhindring av skadar og ulykker, men òg indirekte gjennom til dømes å førebyggje og gi god oppfølging av diabetes, som er ei viktig årsak til synstap. Personar med sansetap kan òg ha nytte av ulike lærings- og meistringstilbod og har stor nytte av universell utforming. Hjelpemiddel som høyreapparat og tiltak som betre lys heime og fargebruk for å få fram kontrastar kan hjelpe mange. 

Eit anna døme på eit tiltak som kan bidra til å oppfylle det ansvaret kommunane har for det førebyggjande helse- og omsorgsarbeidet, er førebyggjande heimebesøk hos eldre. Ved å besøkje dei eldre kan kommunane mellom anna avdekkje behov for nødvendige tilpassingar i bustaden og for hjelpemiddel, kartleggje kosthald, fysisk aktivitet og sosialt fellesskap, vurdere psykisk helse, bruk av rusmiddel og om legemiddelbruken er forsvarleg. Førebyggjande heimebesøk har blittmeir utbreidd dei siste ti åra, og regjeringa vil bidra til å støtte opp om denne utviklinga vidare. 

Det er vanskeleg å førebyggje aldersrelatert sansetap medisinsk, men ein kan utsetje eller behandle enkelte typar synstap ved å operere grå stær og gi injeksjonar i auget ved sjukdommen AMD (aldersrelatert makuladegenerasjon). 

Norges Blindeforbund og Hørselshemmedes landsforbund er døme på brukarorganisasjonar som er aktive pådrivarar for meir merksemd rundt sansetap. Dei er viktige bidragsytarar gjennom samarbeid og påverknad av arbeidet til styresmaktene med å førebyggje og behandle sansetap. Medlemmene i organisasjonane yter stor frivillig innsats lokalt som likepersonar i rettleiing og støtte til menneske med sansetap. 

Boks 6.8 Ringeriksprosjektet
Hørselshemmedes landsforbund har teke initiativ til Ringeriksprosjektet. Arbeidet er forankra i 12 kommunar på Ringerike og i Hallingdal, og ved Ringerike sjukehus og Hallingdal
sjukestugu. Målet er at tilsette i helse- og omsorgstenestene og i Nav og avgjerdstakarar regionen skal få betre kompetanse på høyrsel. Det er laga eit opplæringsprogram som er
i gang i kommunane og ved sjukehusa. 

700 sjukepleiarar, legar og andre tilsette på sjukehuset har vore gjennom eit tretimars intensivkurs om høyrsel. Pasientane skal møte
helsepersonell som kommuniserer godt med høyrselshemma, og som gir pasientar med høyrselstap god informasjon om behandlingsforløp og rehabilitering. Det er utvikla elæringskurs
som er tilgjengelege for alle helseregionane og på læringsportalen til KS. Sintef følgjeevaluerer prosjektet.

Boks 6.10 Betre helse og livskvalitet for personar med kronisk sjukdom eller sansetap. Regjeringa vil:

  • bruke resultata i Hunt 4, utgreiinga om organisering av høyrsels- og synstilbodet frå Helsedirektoratet og Sintef-rapporten om høyreapparatformidling til å vurdere aktuelle tiltak
  • vurdere tiltak for å førebyggje høyrselstap, til dømes opplysning retta mot utsette grupper og tiltak på arenaer i yrkesliv og fritid, som konsertar, russefeiring og andre fritidsarenaer for ungdom
  • oppmode kommunar om å vurdere sansetap som element i arbeidet med å overvake forhold som påverkar helse og livskvalitet
  • betre oppfølginga og opplæringa av personar med kroniske sjukdommar gjennom utprøving av primærhelseteam og gjennom frisklivs-, lærings- og meistringstilbod
  • ta sikte på å utarbeide ein pårørandestrategii tråd med Granavolden-plattforma

Boks 6.7 Strategi for likestilling av menneske med funksjonsnedsetjing – eit samfunn for alle
«Et samfunn for alle – regjeringens strategi  for likestilling av mennesker med funksjonsnedsettelse for perioden 2020 – 2030» skal bidra til ein betre samordna og heilskapleg innsats for å nå måla til regjeringa om likestilling av personar med funksjonsnedsetjing. Strategien er utarbeidd av fleire departement, og Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO),  Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Unge funksjonshemmede har òg bidrege med viktige innspel til strategien. Strategien legg vekt på å bruke både universelle løysingar og spesielle tiltak, satse på sjølvbestemming, medverknad, deltaking og inkludering og betre samordning av tiltak på alle nivå. Strategien har fire innsatsområde: utdanning, arbeid, helse og omsorg og kultur og fritid. I 2019 startar arbeidet med ein handlingsplan som skal inngå som ein del av strategien. I tillegg set regjeringa i gang arbeidet med ei stortingsmelding for utviklingshemma for å følgje opp NOU 2016: 17 «På lik linje – åtte løft for å realisere grunnleggende rettigheter for personer med utviklingshemming.»